Skip to content
Archive of posts tagged Shevek

Shevek

Han kom inn i livet mitt på ein tårefylt aprildag. Bestemor døydde brått nokre veker etter 80-årsdagen sin og vi var alle i gravferd. Ei av pappa sine kusiner trong skyss tilbake til Bergen og endte opp i bilen med søstra mi og meg. På vegen kom ho til å nemne at ho hadde ein [...]

Hjelpsom og søt

Kristin er godt i gong med å lime inn bilde, klistremerke, kort, kart og diverse anna papirvare i fotoalbumet frå ferien vår i USA sommaren 2008 . (Jada, vi veit at vi ligg lovleg langt etter på fotoalbumfronten, men no skjer det endeleg noko.)
Shevek er som vanleg veldig hjelpsom når noko foregår. Og, som vanleg, [...]

Skamklypping

Shevek har masse pels, mykje meir enn ein katt eigentleg treng.
Om sommaren er han meir utandørs enn om vinteren og plukkar derfor naturleg nok opp meir rusk og rask i pelsen enn han gjer inne. For å unngå dette plar vi klippe pelsen på magen og halsen hans om sommaren.
Eg veit at [...]

Ein buksefan

Det er ikkje mange sportsgreiner katten vår bryr seg om. Eigarane likar å sjå skiskyting, langrenn og alpint, men han gjer blaffen. Det han likar er idrett der folk bevegar seg i bedageleg tempo og går med bukser eller skjørt med interessante mønster. Dette betyr at han fram til no har hatt golf som einaste [...]

Nei til kattefri dag på nettet

Urlesque har eit opprop for ein kattefri dag på nettet. Dette er eg veldig ueinig i og markerer det med dette med å poste eit bilete av vår kjære Shevek ein dag han ikkje var heilt nøgdt med meg.