Bergen-Nice-Bergen, og litt aggresjon ein fredagskveld
May 8, 2009
Det er alt mange dagar sidan vi kom tilbake frå ei langhelg i Nice. Ei helg der vi ikkje hadde alt for store ambisjonar om dei store utfluktene men hadde tenkt å rusle rundt i byen, få med oss eit museum eller to (det blei eitt - Chagall), lese gode bøker på ein plass med utsikt mot havet og ete god fransk mat. Og alt dette gjorde vi. Ein del uredigerte bilde ligg alt på Flickr-kontoen min. Vi forstår godt kvifor området heiter Côte d’Azur. Det var flott, vi reiser nok nedover igjen ein annan gong.
Hovudreiselektyren min var “Big Bang : tidenes viktigste vitenskapelige oppdagelse og hvorfor du bør kjenne til den” av Simon Singh, som berre er ein super bok om universet sin historie og om korleis vi har fått vår kunnskap om det. I tillegg fekk eg lest dei siste utgåvene av National Geographic, bind 2 av Fullmetal Alchemist og starta på “Red Seas under Red Skies” av Scott Lynch.
Vel heime igjen har det vore ei travel veke med jobb, golf, hamsterpassing og ei blanding av irritasjon og entusiasme over diverse offentlege utsegn her i verda. Eg er ikkje irritert og entusiastisk over same folka altså, t.d. klarar eg ikkje å oppdrive den minste lille entusiasme over Nina Karin Monsen. Kvar gong eg les noko som helst ho har sagt eller skrive blir eg meir og meir overbevist om at dama er i slekt med eit knekkebrød.
Og kva er no dette om at vi ikkje har nokon skikkeleg offentleg debatt i Norge??? På meg virkar det som ei myte som litt småkontroversielle debattantar likar å slå om seg med. “Å, det er ingen skikkeleg offentleg debatt i Norge”, “å Norge er slik og slik, og nordmenn er slik og slik”, “å alle er så politisk korrekte og einige”, syte, syte, syte…. FEHOVE!!!
Posted in 










May 9th, 2009 at 20:54
Jeg var i Paris da du var i Nice. Det var jo litt morsomt. Ikke veldig morsomt - bare bittelittelitt. :o)
May 9th, 2009 at 21:53
Paris er også deilig