Skal eg lese Twilight-serien?
April 26, 2009
I går besøkte eg ein av Bergen sine betre bokhandlarar. Eg fann både “The Lies of Locke Lamora” (som eg fann ut at eg berre måtte ha) og bok nummer 2 i serien som heiter “Red Seas under Red Skies“. Sidan det var ganske roleg der ganske tidleg ein laurdag blei det sjølvsagt litt prating med dama i kassen. Vi var begge einige om at “The Hunger Games” (Dødslekene) er ei “dødsbra” bok, og eg marknadsførte dei eg skulle kjøpe etter beste evne.
Så kom praten inn på Twilight-serien til Stephenie Meyer. Bokhandlardama var ein entusiastisk advokat og eg ein veldig motstridig kunde. Eg har ikkje lest dei. Eg har ikkje så veldig lyst heller. Det lille eg har bladd i dei mens eg katalogiserte dei får alle mine antiklissalarmar til å ringe som berre søren. Eg veit dei er meir populære enn Harry Potter (Hikst!), men det hjelper ikkje på leselysta i det heile tatt. Eg føler det omtrent som eg følte det då “Titanic” gjekk på kino - Dette vil eg ikkje vere med på! (Såg den på NRK etter nokre år, og syns i grunnen det var greitt å aldri ha spandert kinobillett på den…og dette til tross for at eg diggar Kate Winslet).
Ein skal aldri sei aldri, men det er for mykje på leselista mi til at Stephenie Meyer får meg som lesar i år. Dersom nokon har grådig gode argument for at eg skal lese dei så får de heller gje meg beskjed - det kan vere at eg høyrer på dei.
Posted in 










April 26th, 2009 at 18:45
Jeg kjenner ikke deg og hva du leser MEN:
Er du fan av fantasy? Da bør du vurderer å lese Twilight.
Liker du godt språk i bøker? Da skal du IKKE lese Twilight.
Liker du en god historie? Da skal du kanskje lese Twilight.
Liker du gode fantasy konsepter (kule grunnideer)? Da skal du lese Twilight.
Jeg leste de to første og ble ganske hekta. For det blir man! Det er som å gå i godteributikken - enormt god underholdning. Men det er ganske dårlig litterær kvalitet. Jeg leser treern nå, og sliter litt. Her kan du lese mine anmeldelser av de to første:
http://knirk.wordpress.com/2009/02/07/twilight/
http://knirk.wordpress.com/2009/02/24/new-moon/
Hun skriver på en veldig enkel og emosjonell måte. Mye følelser. VELDIG MYE!
April 26th, 2009 at 20:45
Heisan Knirk
- Ja, eg er ein fan av fantasy, men kanskje endå meir ein fan av science fiction
- Ja, eg likar godt språk - grunnar til alarmane som gjekk ved gjennomblaing.
- Ja, eg likar ein god historie.
- Ja, kule konsept er kult.
Enkel og emosjonelt - emosjonell romantikk gjer meg ofte noia, iallfall kombinert med middels godt språk.
Førebels konklusjon går ikkje i Twilight sin favør.
May 12th, 2009 at 11:39
Den første boken var absolutt best synes jeg og de er jo veldig lettleste og fengende. Ellers synes jeg det er litt mye kliss i disse bøkene til tider, så hvis du ikke er spesielt romantisk anlagt, så kan det være noe irriterende:-) Du kan jo se filmen, så får du en ide om hva det er og om du ev. vil lese bøkene.