Skip to content

Eirabu

Ida Jackson posta ei utfordring til Internett om å redde Song for Eirabu. Den første boka i serien kom ut for eit par år sidan, fekk mykje god omtale, men selde ikkje stort. Den andre og siste boka kjem ut til sommaren, men blir trykt i eit veldig lite opplag. Utfordringa gjekk rett og slett ut på å redde Song for Eirabu med å forhåndsbestille bok 2 og sjølvsagt kjøpe bok 1 dersom du ikkje hadde den frå før. Ser i dag at bok 1 er midlertidig utseld på Capris, så aksjonen virkar tydeligvis.

Eg las førsteboka då ho kom ut, og likte den veldig godt. Men, som så mange andre så hadde eg eit bibliotekeksemplar. No er bok 1 bestilt og på veg til meg (håpar eg) og bok 2 er forhåndsbestilt.

Song for Eirabu er så bra at ho fortjener å bli kjøpt!

Smakebit på søndag

Mari på bloggen Flukten fra Virkeligheten heldt fram med sin gode søndagssmakebittradisjon som mange andre norske bokbloggarar tar del i. Under finn de mitt bidrag denne veka. Lenke til dei andre bidraga finn du på Flukten fra Virkeligheten.

Også denne veka kjem smakebiten frå ein gammal favoritt som eg las tilbake i 2009 ein gong, The Lies of Locke Lamora av Scott Lynch. Boka er forresten også oversatt til norsk med tittelen Løgneren Locke Lamora.

Locke Lamora’s rule of thumb was this – a good confidence game took three months to plan, three weeks to rehearse, and three seconds to win or lose the victim’s trust forever. This time around, he planned to spend those three seconds getting strangled. (s.31)

Smakebit på søndag – Et hav av valmuer

Det er blå himmel ute. Deilig.

Inne er det på tide med ein liten boksmakebit. Lenker til masse andre smakebitar finn de som vanleg hjå Mari på Flukten fra Virkeligheten.

Smakebiten min denne søndagen kjem frå Et hav av valmuer av Amitav Ghosh. Eg las den i 2010 og koste meg veldig med den. Den foregår hovudsakleg i India på 1830-talet og gjer eit innblikk i valmuedyrking, fattigdom og dei engelske koloniherrane si utnytting av landet, nett før opiumskrigen bryt ut. Den er den første i ein serie som har fått namnet Ibis-trilogien. Bok nummer 2 i trilogien, River of Smoke, har førebels ikkje komt ut på norsk. Men, den er så absolutt på leselista mi.

Etter mange ukers våking ved morens sykeleie hadde Jodu sovet så dypt at han ikke merket at båten hadde slitt seg og drevet ut i elven, rett i veien for havgående skip som brukte det inngående tidevannet for å komme seg til Calcutta. “Ibis” hadde nesten brast inn i ham da det blafrende forre mersseilet vekket ham. Det synet som møtte blikket, var så uventet at han ikke umiddelbart reagerte: Han lå urørlig i båten, med blikket festet på det fremstikkende nebbet på fartøyets utskårne gallionsfigur, som så ut som det stevnet rett mot ham, liksom for å snappe ham opp av vannet som et byttedyr. (s.145)

Som de forstår så er “Ibis” eit skip. Eit skip som skal spele ei avgjerande rolle i mange menneske sine liv, menneske som ein i utgangspunktet ikkje ville vente at skulle treffe kvarandre.

Blodrød Vei – Bokomtale

Eg har lest Blodrød Vei (Blood Red Road) av Moira Young.

Eg likte den ganske godt, men syns ikkje den var supergod. Sidan eg både hadde ei norsk papirutgåve og ei engelsk kindleutgåve så blei det til at eg las den litt på begge språk. Omtalane er derfor og på begge språk. Dei kan de finne på engelsk på Mostraum Viewpoint og på norsk på LeseHorden.

Smakebit på Søndag – Embassytown

Vi har hatt ei hyggeleg helg med både to familiebesøk i går (bursdagskollisjon) og besøk frå familie i dag. Katten har igjen vore eksponert for ivrige ungar og har sovna i stolen, heilt utslitt. Menneska hans et is og skal til å sjå Castle på tv. I reklamepausane blir det litt bokblogging, og det første som skal bloggast om er smakebiten for veka. Mari har som vanleg ei oppsamlingsliste over smakebitar.

Denne veka kjem min smakebit frå boka Embassytown av China Miéville.

There are currents and storm fronts in the immer. There are in the immer stretches it takes tremendous skill and time to cross. Those were among the techniques I now knew, along with the somatic control, the mantric thoughfulness and instrumentalised matter-of-factness that made me an immerser, allowed immersers to stay conscious and intentional when we immersed.” (s.30)

Eg har lest nokre bøker av China Miéville, og det tar alltid litt tid å komme inn i dei, men det har alltid vore verd det. Det er det denne gongen og. Eg har også måtte slå opp fleire ord for å finne ut kva dei betyr. Kult!