Om Mammaen og havet

Eg som skriv på denne bloggen er mamma til to barn, der kjem ‘Mammaen’ i tittelen frå.

‘Havet’ er mitt kjernetema. Eg har budd ved, leika ved, fiska i, rodd på, svømt i, studert, dykka i, tenkt på og drøymt om havet heile livet. Bårene, fargane, og aller mest vesena har eg i ryggmargen.  Havet, det er alt, staden vi alle kjem frå.

Tittelen ‘Mammaen og havet’ er dessutan meint som ein honnør til ei av dei vakraste og klokaste bøkene eg veit om. Og for den som lurer, eg er ikkje nokon mummimamma. Det er mummipappa eg liknar på ;-)

Då eg opna denne bloggen, gøymde eg den så godt eg kunne, du kunne ikkje ein gong gugle deg fram til ‘Mammaen og havet’. Eg ville gjerne kunne vere personleg, veksle mellom sterke meiningar og fine bilde av ungane mine, presentere bloggpostane mine kun for ein engare krins av familie og nære vener. Sidan er eg blitt mindre sjenert og meir synleg, men ‘Mammaen og havet ‘ er framleis eit nisjeprodukt for spesielt interesserte :-)