Reir ved havet….

Blogging er sikkert ikkje den vanlegaste formen for reirbygging som grip mødre på veg ut i permisjon. På den andre sida er nok tittelen mindre overraskande, marinbiolog som eg er. Og han seier mykje om kvar eg hentar min inspirasjon frå: farmor og mormor sine anar ved kvart sitt havgap: Utvær i vest, Hvaler i aust. Farfar fyrbyggar, bestefar i båt, fire besteforeldre sine beretningar, som ofte krinsa rundt hav og sjø.

Men mest av alt handlar tittelen om boka eg alltid vender tilbake til: Tove Jansson si Pappaen og havet. Her finn eg det meste av det eg har behov for å finne i eit stort filosofisk verk. Og her er eg kanskje tilbake i kjernen ved det å bygge eit reir for sine barn. For nokre år sidan las eg eit stykke i BT under tittelen Mummidalen, idyllen som brast? Eg tenkte: Her, min ven, har du misforstått. Utviklinga gjennom mummibøkene handlar slett ikkje om at idyllen brest. Tvert om: idyllen i mummidalen er like stor eller liten som han var heile tida. Den idyllen som har eksistert, består.

Men idyll er aldri altomfattande. Vi forsøker å bygge ein trygg idyll rundt våre barn, men vi må meir enn det. Uansett korleis vi bygg, kan vi ikkje skjerme våre barn mot verda for evig tid. Idyllen tar slutt. Idyll er eit teppe stort nok for eit barn til å hylle seg i, men barnet veks. Og det beste vi kan håpe på å klare, er å hjelpe barnet til å utforske alt som finst utanfor teppet. Hjelpe det å meistre utfordringar, tørre å ta fatt. Og der eg ofte kjenner meg vel så mykje i slekt med pappaen som med mammaen i mummidalen, lar eg mammaen inspirere meg i dette: Allereie lenge før den store reisa til fyret, allereie under dei første utforskingane med båten ‘Eventyret’ er mammaen ein meister i å IKKJE gjere verda tryggare enn ho treng vere. Tvert om stimulere ho forskartrangen ved å forsikre om at det nok er LITT farleg rundt neste nes. Slik får mummitrollet gradvis den tryggheit han treng for å klare seg den dagen teppet ikkje lenger er stort nok. Og i dei siste bøkene om trollet er det dette som er temaet.

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>