Standby

I går i åttetida sette vi poden på toget, saman klassen og to parallellklassar. Ein gong for sju år sidan hadde nokon foreldre vore forutsjåande og bestilt plass på Langedrag, for desse som den gongen var dei reinaste småtassar med varierande hol i tanngarden. Sju år seinare er dei synlege tennene på plass, dei håpefulle er i ferd med å nå opp i øyrevokshøgde (enkelte godt over), og eit heilt, heilt anna grep har dei om livet.

Likevel er det ikkje lett å gi slepp på dei. Verda ligg der og ventar, den er full av under tolvåringane vil utforske. Også min son. Berre at det ligg nokre fleire hinder i vegen for han. Han får stege høgare, klatre meir, han blir slitnare på vegen. Mellom han og hans jamaldrande er det funksjonsforskjellar. Det handlar ikkje om å fungere eller ikkje fungere. Nå kort eller langt. Eg er mamma til ein smart son, arbeidssom – når han får sjansen, driven av indre motivasjon. Omtenksom, sjølv om det han ‘tenkjer om’ andre kjem til uttrykk på litt andre måtar enn ein kan vere van med. Men han trivst best under andre rammer enn sine jamaldringar. Så når tilhøva er lagt tilrette for den jamne tolvåring, så ligg dei ikkje slik at han kan yte maksimalt. Kva er vanskeleg? Han stortrivst med gode vener rundt seg, og det er han så heldig å ha med. Men han treng lange pausar for å hente seg inn att. Han likar at ting skjer rundt han, men synest det kan vere vanskeleg å ta inn store mengder av inntrykk. Han synest det blir slitsomt med høge lydar. Han slit med å takle lukter frå alle matvarene han sjølv kjenner aversjon for: grønsaker, frukt, bær. Dette siste brukar å vere det største hinderet for å vere i lag med andre. Mat er så viktig for å vere i lag. Og dei aller fleste vil ha variasjon, symfoniar i fargar, smakar og dufter. Ikkje lett då å vere den som blir kvalm av det andre ser som liflige dufter.  Ei heller er det vanskeleg å tenke seg at med 60 tolvåringar samla, så kan det bli både intenst, høgt lydnivå, vanskeleg med kvile og mykje forskjellig mat.

Så vi har tenkt masse på denne leirskulen, på kva som skal til. Vi har hatt møte med skule, som stiller med assistent. Vi har snakka med poden. Vi har skrive lister til lærarar om potensielle utfordringar. Vi har bak podens rygg smuglagt plan B (krisematlager som lærar har fått med seg) og C (fri telefonlinje til oss) og D (om lærarane meiner at det verkeleg ikkje går, så rykkjer far ut på rappen, kva tid det måtte vere på døgeret. Vi er ferjefrie. Jobben er orientert). Så her nede sit vi standby.

Ganske på ank, men ikkje berre. Vi tar oss tid til å kose oss med uvan og duftande luksus. Blomkålgrateng. Jordbær. Vannmelon. Couscoussalat så fullstappa av grønnsaker at det er vanskeleg å finne att couscous-korna. Guacamole.

Vi tenkte det skulle vere vanskelegare for oss å gi slepp enn for andre, men så var det jo andre som bar bagar og sekkar for ungane, som måtte sjå dei ombord, som gjekk derfrå med snufs og tårer i auekroken. Det gjorde faktisk ikkje vi. Vi hjalp han å pakke så lite som mogeleg, så han skulle kunne bere alt sjølv. Vi dytta han mot den ANDRE inngangen i kupeen, for å minke kaoset på perrongen. Men vi blei ståande utanfor toget, nede på perrongen og vinke. Og tenke at han gleda seg, at han skulle oppleve noko spennande, at vi sjølve har vore på så mange spennande leirskular, leirar, landsmøte, kongressar, langkurs. Verken vi eller han har som så nokon separasjonsangst. Men det er dette med rammene, at han i det jamne er så avhengig av at vi skal legge rammene slik at han kan gjere sitt beste. No skal vi overlate jobben til andre. Rett nok til andre som har tatt ansvaret dagleg, fem dagar i veka dei siste åra. Men til andre som ikkje kjenner korleis dagen ser ut før halv ni og etter to. Det er ikkje fritt for utfordringar i det tidsrommet, heller, og dei ser annleis ut enn dei i skulekvardagen. Vi har forsøkt å forklare etter beste evne. Så må vi berre overlate til andre, stole på dei.

Han ringde i går, sånn rett etter leggetid. Ville helst berre heim, ville berre gi opp. Utslitt, holsvolten og inderleg frustrert over at “og dette var ikke en HEL dag en gang”. Han venta det skulle bli verre i dag. Eg tenkte omvendt, at med reisa så blei det så mange omstillingar i går: frå bil til tog til buss til leirskule. I dag vaknar han til ein stad han gjorde seg litt kjend med i går. Det kostar mindre krefter. Han ringde opp att nesten ein time seinare, heilt utkjasa. Men han gjekk med på å lytte til det eg sa, og gjekk til slutt med på å gi natta ein sjanse – ei natt med søvn hjelper på det meste.Og to positive ting hadde han opplevd: å sjå gaupene bli mata og å sjølv mate kaninene. Dessverre kunne ingen av dei klappast. Mjuk pels hjelper mot det meste…

Han ringte opp att i dag for å seie at morgonen slett ikkje hadde vore så grei, men at han trudde det kanskje likevel kunne gå. Han hadde møtt ein TV-fotograf der oppe, som heldt på med å lage eit program. Dette var tydelegvis så spennande at han var motivert til  prøve litt til. Ikkje så lenge etter sende læraren ein MMS med bilde av Håkon på hesteryggen. Sliten, heilt klart, men også med eit glimt av å ha fått til noko sit han der. Vi reknar med å høyre meir i kveld. For kveldane pleier som sagt å vere dei vanskelegaste.

3 comments to Standby

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>