Skjergardshavarisme...

Eg hadde tenkt å skrive om noko heilt anna. Eg hadde tenkt å skrive om skjergardsferie, om teltliv, om duftande roser og kaprifol, om mitt etter kvart tynnslitte forhold til både YR og yr samt forholdet til luftmadrassar som er i stadig bedring. Men brått var det liksom noko som pressa seg fremst. Skjergardsidyll og teltliv (ikkje nødvendigvis fullstendig overlappande) får eg kome tilbake til etter kvart…

Etter ei veke med dette teltliv i den svenske skjergarden, stua vi alle våre etter kvart klamme og skitne pakkenellikar i båten til svigers. Planen var ein kjapp visitt med lossing og lasting i Strømstad, realiteten blei ein heilt annan. Skjønt, til Strømstad kom vi jo, då…

Rett før avgang frå Vettnet  på Nord-Koster, ante vi fred og ikkje særleg mykje fare. Vi  hadde veret midt imot, men det skulle dreie, så det syntest best å gå så raskt som råd. Samtaleemnet ved avgang var kva vi ville huske dette opphaldet ved: To turar til fyret, den hissige, vesle tordenskya som skrapte akkurat over øya og dryssa frå seg ertestore hagl og ein liten, lokal ‘flash flood’, Thomas sitt temmeleg ublide møte med kaia allereie 2. dag vi var der eller kva? Lite visste vi…

Påveg ut frå hamna fekk vi først sjøen inn frå sida, og det gynga temmeleg bra. Noja, rundt nokre skjær kunne vi rette opp, og det heile blei litt meire behageleg  – i nokre minutt. Svigerfar mumla illevarslande, og motoren var grov i målet. Han dreia av, svigerfar, altså, mot lesida av ein holme. Så heilt stille frå motoren. Vi dreiv, i retning av nokre skjær. Sidelengs igjen, så det gynga skikkeleg. Eg meinheldt på mine to vestkledde barn. Dei forsto tydelegvis alvoret, for dei forheldt seg usedvanleg stille og roleg, begge to. Minutt seinare skrubba vi mot skjæret. Svigerfar hadde gått i lettbåten. Dra oss laus, kunne han ikkje, men i alle fall dreie båten så vi hadde akterenden mot sjøen. Ikkje før var svigerfar tilbake ombord, før festet til lettbåten slitna og lettbåten dreiv av garde mot land… Sukk!

Vi klarte ikkje å kome igjennom til redningstenesta på telefonen, men vår kontakt i Strømstad ilte til turistinformasjonen, som ringte opp redningstenesta, som ringde oss tilbake. Kun minutt frå Strømstad til dei små skjæra våre, om enn lange. Besetninga på  Gustav B Thorden tok turen fram og tilbake rundt oss nokre gonger, før dei bestemte seg for kvar det var best å kome til. I mellomtida hang ein fotograf over ripa deira, med lange linser og fotograferte ivrig. Kanskje ikkje det ein kjenner mest for, å bli ‘fottat’ og intervjua i redingsaugneblinken. På den andre sida skal jo medlemsbladet til Sjöräddningssällskapet (Trossen) ha noko å skrive om…

Mannskapet ombord var frykteleg kjekke og omsorgsfulle, og spurte veldig korleis det gjekk med oss. Marie hadde somna omtrent idet vi gjekk på grunn og vakna då redningsbåten kom, Håkon hadde fått postafen og somna då han var vel ombord i redningsbåten. Begge blei møtte av ein redningsbamse med redningsvest, bamsane kom godt med, det blei nok altfor mange intrykk for dei to.

Båten blei taua pent til land, rett i dokk og heist opp umiddelbart. Spenninga var stor, men det såg faktisk overaskande pent ut. Berre eit par sår gjennom botnstoffet, og bøygde propellblad. Likevel, forsikringsselskapet insisterte på å sende båten frå verftet i Stømstad til verft i Fredrikstad, og ville tørke ut båten i 14 dagar. Så der rauk planane om nokre feriedagar på Kråkerøy, og gjensyn med Råholmane, Sauholmen, Tjeldholmen og Dritær’n. Vi får satse på nye muligheiter seinare! Muuuligens med litt blidare vêrgudar. Ein stor takk til Line, som akkurat då gjorde seg til yndlingssyster ved å kome og hente oss i Strømstad, og til mor, som forsåvidt sto klar til å hente oss, og dessutan opna dørene for oss ute på Asmaløya!

2 comments to Skjergardshavarisme…

  • Eirik Hektoen

    Hm… Dette var visst mer alvorlig enn jeg fikk inntrykk av på Facebook. Bra det gikk godt til slutt, og en fin ferie har/får dere vel i alle fall, håper jeg.

  • Eva

    Det er godt at de blei redda i land i heilo, hadde som Eirik heller ikkje fått med all dramatikken via Fjesboka. Hpaår at resten av ferien vart mindre dramatisk og at Thomas sine blåmerker har bleikna.
    Anstrengt forhold til yr (begge sortar) er det fleire som har. Iallfall etter å ha spelt Borre Golfbane i ausregn f.o.m. hol 3 t.o.m. hol 13, det skulle liksom berre vere ei byge. Luftmadrasser har eg eit meir uavklart forhold til :-)

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>