Verandalesing

Livet har ikkje bydd meg på så mange bloggesjansar i det siste. På den andre sida, kven kan i grunnen med streit fjes klage over at båten er ferdig pussa, at jonsokaftan blei tilbragt på holme og skjær, at sommarsøndagen sist blei nytt frå båt? Eller at det er så varmt og faktisk deilig at hjernen berre glir bort i ein døs, så alle forsett om rydding, blogging eller anna berre løyser seg opp med sommardoggen?

Men så er det nytt doggfall. Nye forsett. Nye inspirasjonskjelder, nye saker som engasjerer. Over skrivevindauget mitt har eg ei lang rekke kladdar, der eg alt har lagt inn aktuelle lenker, fordi eg har tenkt å skrive om eitt eller annan tema, ein eller annan gong. Lista berre veks…

I dag kom eg over både bokforslag (på Wyatting) og ei posta sommarleseliste (På Rescilience Science). Særleg den siste inspirerte meg, for her kunne eg umiddelbart krysse av for ei bok eg alt HAR lese, After Dark av Haruki Murakami. Det å oppdage at ein er godt i gang er alltid den beste inspirasjon til vidare handling. Skjønt, ‘lese’, boka er ikkje så mykje ein roman som det er ein film. I mitt hovud surrar og går det vekselvis klare og skurrande, VCR-aktige bilde, eller overnærbilde som begått av Hal Hartley, med klumpane i maskaraen og kvisa under tjukt lag av dekkstift likevel godt synleg.

Men til MI leseliste:

  1. Første mål å få fullført boka eg alt held på med og har strevd med, ikkje fordi den ikkje er lesbar eller interessant, men fordi eg berre slett ikkje klarer å få tid til å lese med noko framdrift. Derfor har ei novellesamling passa meg ganske bra: har eg nokre få minutt samanskrapt, kan eg lese nokon av korthistoriene på 3-5 sider. Har eg litt meir tid ein dag, kan eg lese ei av dei litt lenger. Trist nok har eg enno ikkje kome opp i problemstillinga å ha spart meg opp til rom til ein roman. Men det KAN skje ein gong… Kven veit?

    Anyway, boka er My Christina & other stories av Mercé Rodoreda. Rodoreda seiast å vere den største forfattaren i Katalonia i førre århundre, og boka kom meg (skal vel seie OSS, men så langt har eg monopolisert boka) ihende på St Jordi, den internasjonale bokdagen, som ekspresspresang frå gode vener i Barcelona.

    Boka er kravstor, eg kan slett ikkje lese og halvt tenke med noko anna i noko som helst krå i hjerna. Det er intenst, i dei fleste novellene så langt ein ordflaum (ofte monologar) som verkar overveldande sjølv på ein barka sunnmøring. Og tru meg, eg har høyrt mykje der. Og likevel når dei fleste novellene ein nerve, og har ei eiga evne til å dreie fokus. Ein skyfri dag kan mørke og trugande stemingar trekke over før det som verka trugande plutseleg framstår som den einaste mogelege redninga. Det er mange rare relasjonar mellom folk, trass i ordflaumen er det mykje som har vore usagt mellom personane. Mykje uforløyst. Ein del har hovudpersonane valt bli ståande uforløyst, dei veit alfor godt kva som ventar på den andre sida, når ting er over. I kvar novelle er eg spent på kvar forfattaren har tenkt å leie meg denne gongen.

  2. Å lese ferdig Darwin sin sjølvbiografi. Også her har eg juksa, og har lest det meste dei siste to-tre dagane, men eg står att med notane. Boka viste seg å vere både kort, svært leseverdig og tilgjengeleg. No har eg lest evolusjonær biologi før, og lar meg ikkje skremme av ord som ‘cirripedia‘ eller ‘transmutations‘, men faktum er at den meste burde vere tilgjengeleg for den passe opplyste lesar. Boka er forøvrig tilgjengeleg gjennom forskjellige bibliotek, men og elektronisk og gratis tilgjengeleg gjennom prosjekt Gutenberg Faktisk vil eg seie at om ein vil lese berre ei einaste bok i Darwin-året for å tenke litt igjennom kva mannen har tydd for vår forståing av verda rundt oss, så er dette definitivt ei verdig bok.

  3. Å lese So long Marianne av Kari Hesthamar. Wyatting seier det meste om kvifor boka er spennande

  4. Å lese Intelligent thought, redigert av John Brockman Boka tar for seg argumenta rundt ‘intelligent design’, tanken om at eit design (organ, atferd, karaktertrekk) er så komplekst at det ikkje kan ha oppstått gjennom ein så ’tilfeldig’ prossess som evolusjon og naturleg utval. Boka er full av vektige kapittel, eg nemner i fleng Dawkins som kapittelforfattar. Boka kan det vere godt å ha under beltet i førebuinga av haustens Darwin-utstilling på jobben. Ja, det er i grunnen jobblesing, og sommarlesing på jobben, men den såg uttil å vere bra nok til å få vere med heim på verandaen av og til :-)

  5. Den siste boka på lista er: Darwins teori: evolusjon gjennom 400 år av Erik Tunstad. Det kan vere godt å henge med på kva som skrivast på norsk på området. Kjappe glimt tyder på at og denne boka skal vere snabblest, den ser ut til å ha eit visst driv framover, og kan dermed kvalifisere som koselesning.

Den intelligente lesar har kanskje lagt merke til at eg har gjort det lettare for meg sjølv med to strategiar: 1) Å sette opp bøker eg elt bortimot har lest ferdig og 2) Å sette opp nokre bøker eg faktisk kan lese på jobben. Til det kan eg seie at eg trur veldig på at nøkkelen til suksess er å sette seg realistiske mål ;-)

8 comments to Verandalesing

  • Eva

    Lange leselister er eit kjent tema, og me har visst og ei fellesbok på lista – nr.5 som eg og planlegg å lese i sommar. Håpar me begge får gjort det :-)

  • Eirik Hektoen

    Artig at du leser Rodoreda-boken. Jeg har ikke prøvd meg på den selv ennå, men nå har jeg enda mer grunn til å ta den med på ferie neste måned.

    Mitt Darwin-års-forsett var å lese The Origin of Species, men jeg har hatt et langt avbrudd nå omtrent midt i boken. Den gamle stilen er ganske krevende, så jeg “snek meg” til lese “The Stuff of Thought: Language as a Window into Human Nature” av Steven Pinker (en av mine 4 absolutte favoritt-forfattere, sammen med Dawkins, Diamond og Dennett) som en avveksling.

  • hege

    Eva: Håper definitivt vi får lest den siste boka på lista.

    Eirik: Hadde litt på same måten med ‘Origin’. Den er mykje tyngre å lese enn autobiografien. Stilen i den siste ikkje på same måten krevande å lese, og med konsentrert lesing kan du kome igjennom den på ein kveld! Eller morgon, alt avhengig av preferanse…

  • hege

    Ooops, så pinleg! I vanvare trykte eg på ‘delete’ i staden for ‘approve’ for ein kommentar frå Svenn (på Wyatting) , men her er i allefall det han skreiv:

    Comment:

    Hyggelig å kunne bidra med tips. Tror nok “min” er lettles-alternativet på denne high-brow lista her! Boka om Marianne er vel ikke storslagen litteratur akkurat, men folkene er verdt å lese om. Har akkurat bestilt Cohen billett til kona forresten, noe som man kanskje burde være litt forsiktig med nær jeg tenker meg om. Det er tydeligvis gutten sin.

  • hege

    Lettlesalternativ mottakast med takk. Tenker på evolusjonsbkene meir som mine personlege sære interesser enn som eigentleg ‘high brow’, og ser meg sjølv ellers som ein ‘all position brow’ -lesar ;-)

  • heg

    Svenn: kanskje du like godt skulle kjøpe ein billet il deg og med det same? For det kan jo umulig vere ein lidelse å reise til Molde på den tida?

  • Skal til Molde, men har nok billetter til mer obskure greier enn Cohen til meg selv.

  • [...] Nei, eg forsøker ikkje å strekke mine eventuelle 15 minutes of fame (fortsatt 14 min 55 sek til gode), det dreier seg om noko heilt anna. I bloggposten  Havet, døden og etterspørselen seier Plinius/Tord Høivik at norske, høgt utdanna kvinner i gjennomsnitt les 21 minutt per dag. Dette syntest meg akkurat då  å vere sørgjeleg lesing. For kvar var det blitt av mine 21 minutt? Eg kunne ikkje huske å ha hatt dei tilgjengeleg på leeenge, og dette var i FERIEN min. Eg hadde med meg bøker, og dei kom like uleste med heim. Og eg som hadde sett meg klare mål for sommarlesinga [...]

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>