Snakk om suksess!

For eit knapt halvårs tid sidan var det jul, og i presang fekk vi frå dei no nyslåtte ørstingane gåvebillettar til heile familien på kino. Desse har hengt på oppslagstavla vår i påvente av klaff, tid til kino samstundes som det går ein film open for ‘alle’. Tida har sust forbi, men denne helga klarte vi det endeleg! Byggmester Bob-filmen hadde preimere denne helga, og det syntest å vere eit passande høve.

No hadde vi og andre ting å gjere i dag: Båten har fått sine mange lag med ulike typar olje og dessutan botnstoff. Vi fekk avtalt sjøsetting med marina-mannen. På vegen ut let vi oss dessutan overtale av ungane til å smette innom McD på Vestkanten. Stor entusiasme, ikkje minst fordi Håkon nyleg har fått med seg at det er tre-etasjers leikeapparat der. Vi hadde ikkje akkurat tid til å bli verande der å leike, men Håkon klagde slett ikkje på at det tok tid å få maten i dag, dermed fekk han tid til nokre runder. Veslemor var ikkje like nøgd, trappetrinn var litt for høge, så ho synst leikeapparata rett og slett var ‘tumle’ (skumle).

Mat blei medbragt og vi tre som ikkje blei direkte involverte i sjøsettingsseansen fann oss bord og benkar i sjøkanten med vakker utsikt til Tyssøy. Så bar det mot byen. Storebror var ein smule skeptisk til å vere med på småbarnsfilm, men let seg overtale. Humøret steig for alle partar når ei dame sat i foajeen og malte ansikt, Marie blei rosa tiger. Vel framme i kinosalen blei det klart at dette verkeleg var ein suksess. Tydeleg for oss vaksne at vi kjem oss lite ut for tida: Nye sete let oss lene oss deilig bakover. I det mørkeblå taket over oss lyste tusenvis av små stjerner, faktisk funkla dei til og med (vi snakkar KP1, her), og til alt overmål var det i høve premierehelga utlodning på setenummer, Mariemor vann eit DIGERT verktøysett (OKOK, kun leike) med drill og stemjern og alt kva ei småjente skulle kunne ønskje seg. Settet ble SVÆRT godt mottatt, og storebror fekk knappast lov til å SJÅ på det. Marie måtte bere det heile vegen tilbake til bilen.

For Marie var kinosalen heilt klart hennar rette element, ho storkoste seg med popkorn, sjokolade, reklame (kul musikk) og sidan med filmen (sjølv om den muligens var det minst viktige med dagen). Litt i lengste laget, ca 50 min ut i filmen (den varte i 62 min) begynte ho å spørre om det var slutt snart. Ellers var ho heilt nøgd. Storebror måtte inrømme at det var ikkje så flaut som han hadde frykta, og fekk vi filmen på DVD, kunne han alltids sjå den igjen. For oss vaksne var dette muligens ikkje filmen med flest dobbeltbotnar og fleirtydige replikkar, vi var stort sett henviste til å kose oss på same nivå som småttingane. Men nokre fleire nyansar ved Byggmester Bob blei vi jo kjende med. Eg var for eksempel ikkje klar over at også han hadde ein fugletittar som far. Ei fin kikkert-frå-kamuflasje-scene i starten. Tenk, så har vi noko til felles…

No kunne eg såklart uttrykke ein smule uro over nokre aspekt ved filmen, som at den kanskje ikkje gir eit heilt realistisk bilde av kor stor innsats det krevst for å a) bli idettsutøvar og b) for å bygge ferdig ein stadion. Men pytt, alt i alt syntest eg vi hadde ein fortreffeleg familiesøndag! Mykje betre kunne det ikkje bli!

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>