Den gode dufta av ny bok...

Det er noko fantastisk med å la seg synke ned i ei ny bok, ein ny fiksjon, ei ny verd. Å ikkje vite kvar forfattaren har tenkt å ta ein med, eller, om ein anar det, å ikkje vite kva veg ho vel. Og likevel, å ha lese bøker av henne før og stole fullt på henne som turarrangør, guide til den nye verda.

Ein eller annan stad langs vegen skal Diego Rivera, Frida Kahlo og Leo Trotsky dukke opp. Men kva dette inneber eller korleis veit eg ikkje. Dei er ikkje hovudpersonar, dette er ingen biografisk roman. Heldigvis. (Auto-)biografiar kan eg godt lese, historiske romanar likeså, men eg nærmar meg biografiske romanar med ein stor porsjon skepsis. Som Kingsolver sjølv uttrykkjer (om enn med andre ord): oppdikta personar kan du diktere fritt…

I augneblinken befinn eg meg i 1930, i ein lite fasjonabel del av Mexico City. Eg  lengtar alt tilbake til Isla Pixol, ei (fiktiv?) øy på Yucatan ein stad, med cenotar i tett  jungel,  med fiskefylte korallrev nedanfor og ein lacuna, eit undersjøisk holrom som vekslar mellom å dra ein inn og å vere fullstendig utilgjengeleg (avhengig av månefase og tid på dag). For eit fantastisk bilde på det å nærme seg ein roman!

Men det er ikkje er romanen som ikkje slepp meg til, det er meir alle avbrot og distraksjonar som kjem i vegen. Romanen sjølv er oppslukande! Så uendeleg deilig å framleis ha over 400 sider att….

1 comment to Den gode dufta av ny bok…

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>