I på
ska begynte eg å lese på ei bok av Temple Grandin: Animals in translation. Eg hadde minimalt med lesetid, men sneik meg til ei side her og tre der så ofte som berre mulig, dette var fascinerande lesing.
For ordens skuld: om nokon måtte få feil assosiasjonar – så er dette definitivt ikkje ei new-age-aktig bok om å sette seg ned og kjenne på vibrasjonane katten sender ut (i bakhovudet mitt svirrar eit klipp frå radioen, der ein dyretolk fortalde eigaren av ein katt at katten stort sett hadde det bra, men var ein smule såra fordi eigaren hadde ymta frampå om at den hadde lagt på seg).
Grandin stiller med tvert om med ein kombinasjon av akademisk utdanning (ho er førsteamanuensis i ‘Animal Science’ Ved Colorado State University), lang praktisk erfaring med dyr (frå forsøk, observasjonar som konsulent for kjøtindustrien, eigne og kjende sine dyr) og ikkje minst, ein stor, sunn porsjon bondevit.
Boka har ein undertittel: Using the mysteries of autism to decode animal behavior. Her har Grandin førstehands kjennskap. Ho er sjølv autist, og har ei parallell karriere som føredragshaldar om korleis det er å leve med autisme. Hennar akademiske bakgrunn tillet henne å forstå mykje av den forskinga som skjer rundt autisme. Hennar perspektiv er dermed temmeleg unikt. Ho er då òg ein frontfigur i arbeidet for å auke respekten for menneske som befinn seg på autismespekteret.
Grandin sitt utgangspunkt er at autistar sansar og tolkar verda rundt seg annleis enn nevrotypiske menneske. Sjølv seier ho at ho tenker og minnast i bilde. Når ho seier slike ting, må eg jo sjølv tenke etter: Korleis tenker i grunnen eg?
Mine tankar skjer i lyd, men ikkje vanlegvis som slike lydbilde ein av og til pleide å spele på radioen: for eksempel lyden av ein bil, kvinande bremser, pipinga av trafikklys, steg over gata. Eg tenker lyden av uttalte ord. Som eit radioprogram, kanskje. Ikkje rart eg er glad i radio. Eller omvendt? At eg tenker på denne måten fordi eg er oppvaksen med radio? Når eg skiftar til engelsk skrur hjernen min over på engelsk tale. Eg høyrer ord uttalt på engelsk i min eigen hjerne, og når dette skal ut i tale, hender det tunga slår krøll på seg. Sjølv om uttalen inne i hovudet er perfekt
Eg måtte dessutan spørre min kjære: Han tenker og i ord, men i bilde (og ikkje lyden) av ord. Ikkje så ulikt ei fantstisk flott animering vi nyleg såg, av eit dikt av Taylor Mali. For oss begge dukkar det i nokre tilfelle opp bilde i staden for ord. Kanskje skal vi uttrykke noko vi ikkje har eit dekkande ord for? Kanskje er den visuelle opplevinga av det vi tenker på spesielt sterk? Som ein solnedgang, ein film, første møte med våre to barn?
Temple Grandin argumenterer for at bevisstheit ikkje er avhengig av språk. For meg synest det soleklart: korleis skulle nye konsept oppstå om vi var avgrensa av det språket vi allereie hadde? Vi har vel alle ei oppleving av å ein eller annan gong (ofte?) stå og ha ein tanke vi ikkje klarer å kle i ord? Eit konsept vi ikkje klarer å formidle, rett og slett fordi orda vi allereie har ikkje fangar meininga? Eg førestiller meg for eksempel at ein oppfinnar må ha eit bilete, ein tanke om funksjon(alitet) som ikkje alt eksisterar. Å artikulere i ord (eller teikningar av tannhjul og akslingar) kjem kanskje etterpå? Men ikkje alle er einige med henne (eller meg;-)) der…
Ein av grunnane til at eg finn Grandin så fascinerande, er mitt eige djupdykk i åtferdsøkologi (studiet av åtferd hos dyr sett i lys av kva som gir best sjanse for reproduksjon og overleving). Grandin hentar noko frå dette feltet, men endå meir frå komparativ psykologi (som gjerne studerer dyreåtferd for å forstå menneske) og etologi (som ser åtferda i lys av dyrs anatomi, fysiologi, nevrobiologi og evolusjonære slektskap).
Ho er veldig opptatt av dyrevelferd, men poengterer sterkt at dyrevelferd må baserast på kva dyret opplever som bra, og ikkje kva vi synest dyret burde like. Medan dei fleste forheld seg til hovudsakleg til kattar og hundar (rovdyr) og ein og annan perifer hest, har Grandin gjennom sitt arbeid tilbragt mykje tid med kyr, grisar, sauer og høns. Alle desse er byttedyr, og det fargar deira oppfatning av omverda. Dei kvepp av brå og ukjende lydar, mønster som bryt med bakgrunnen, flagrande skuggar, alle små signal om at det kan vere fare på ferde. Tett sosialisering av desse dyra med menneske kan vere OK, i alle vil det minimere stresset når vi faktisk treng å handtere dyra. Sjølv har eg tenkt at industriell produksjon av kjøt er upersonleg og menneskeleg. Men etter å ha lese boka, er eg ikkje like sikker. Det er kanskje ikkje u-ku-eleg?`Kanskje ei ku rett og slett får vere meir ku om ho slepp å forhalde seg til folk? Vel å merke om alle andre omsyn er tatt, slik at ho får grøne engar, kjekke kyr (og oksar) å vere med, trygge og forutseielege kvardagar og (transport og) slakt skjer med minimalt stress. Grandin sin jobb er nettopp å designe og oversjå system som skal sikre at det skjer.
Tilbake til folk. Eitt av Grandin sine poeng er at medan dei fleste menneske generaliserer heile tida (i seg ei grov generalisering), er autistar hyperspesifikke. Med det meinar ho at dei ikkje trekk grove linjer og sit att med eit heilheitsintrykk, eller overfører frå ein situasjon til neste. Eg tenker på eit dokumentarprogram eg såg på BBC om ein autistisk gut som sat og såg utover London og teikna i detalj: bygning for bygning, vindu for vindu, absolutt alt han såg. Der eg ser på eitt tre og ser ei vaiande, grøn masse, ville han sjå blad for blad for blad for blad for blad… Grandin beskriv korleis ein hund må trenast, situasjon for situasjon. For sosialisering må dei lære at eigaren er OK og andre er OK. Dei må lære seg at menn er OK og små barn er ikkje byttedyr. Dei må lære at mannen i huset er OK og nabomannen er OK, menn med og utan skjegg er OK. Førarhundar må lære å manøvrere alle slags kryss med alle slags fortauskantar og alle slags trafikklys, ein type av gongen. Sjølv har eg ein son som måtte hentast etter å ha kryssa gata TRASS strengt forbod mot å gå over vegen. “Ja, men pappa, jeg gikk ikke over vegen, jeg løp!”
Grandin meiner at mellom anna det at vi (meir eller mindre) nevrotypiske generaliserar, gjer oss (trass gode intensjonar) blinde for korleis dyr opplever sin situasjon. Det kan hindre oss i å gi dyr den velferd dei har krav på. Vi ser det vi ventar å sjå, det den generelle regelen tilseier, medan ho som visuell, hyperspesifikk tenkar kan gå inn i eit krøtterhandteringssystem og sjå avviket, ein brå skugge, ein laus vaier, eit klede på ein krok, fukt, alt som kan skremme opp dyr og få dei til å stoppe i systemet. Ho er bekymra for om det kjem nokon etter henne. Eg tenker at det mellom anna kjem an på om dei som deler hennar evne verdsetjast for det dei kan og vert gitt ein sjanse til å sleppe fram.
Eg trur min bakgrunn hjalp meg til å få meir ut av boka, men den er på ingen måte utilgjengeleg, så lenge ein er interessert i emnet (emna). Eg trur dei fleste (som meg) vil vere klokare når dei legg frå seg boka enn når dei tar den opp. Og dette er definitivt ei bok eg kjem til å lese igjen.
- Temple Grandin og Catherine Johnson, Animals in translation: using the mysteries of autism to decode animal behavior (Orlando : Harcourt, 2006).

Veldig interessant, men hvorfor mener (og hvordan begrunner) Grandin at en ikke-generaliserende, autistisk oppfatning av omverdenen er mer likt dyrenes virkelighetsbilde? Selv tar jeg som utgangspunkt – inntil det motsatte er overbevisende argumentert for – at det ikke finnes fundamentale forskjeller på hvordan dyr og mennesker tenker og føler. Evnen til å generalisere burde være like viktig for en ulv som for en ku, en sjimpanse eller et menneske, skulle jeg tro.
Og eit interessant spørsmål, Eirik! Eg tenkte å svare på det, men kunne ikkje hugse heile argumentasjonen (øh, som den generalisten eg er kunne eg berre hugse konklusjonen, og ikkje heile resonnementet. Boka er dessverre strukturert så det ikkje er superlett å finne fram
, kapittelopversikt manglar. Kjem tilbake til det etter kvart, i mellomtida lenkar eg til dette interessante spesialistfirmaet, som eit lite a propos http://www.specialisterne.dk/om-specialisterne/