Berre svart-kvitt

Frøken fem syng mest for seg sjølv: Og så var det oldemor og gamle dager og da var jo alt bare svart og hvitt. Og grått….

Eg: På TV og bilde var alt svart og kvitt. Men ikkje i virkeligheita då, då var det fargar.

Frøken Fem: Ikke i GAMLE dager!

Frøken Fem: Men ikke LE av meg, da! Mamma???!!!???

Vegen til vitskapen....

… er sjeldan så rett og direkte som studierettleiarar og lånekassa vil ha deg til å tru. Kvar forskar har sin veg inn, innsåg marinbiolog Kevin Zelnio. Han fortel si historie på bloggen Deep Sea News (lesverdig og tildels hjarteskjærande), og tok i bruk #IamScience på Twitter for å oppfordre andre til å beskrive vegen. I denne vimeo-filmen ser du nokre av dei fantastiske bidraga:

I Am Science from Mindy Weisberger on Vimeo.

Ein dag eg kjenner meg ekstra gutsy skal eg skrive litt om den lange, tunge vegen bort frå vitskapen….

Another Lankesism

People may go to Starbucks for the coffee, but they stay for the conversation

Lankes 2011. Atlas of New Librarianship (pp 93)

Social networks - Vanity or need to learn?

I’ve spent some time lately reading Lankes’  The Atlas of New Librarianship (Companion website here). Ideally, I’d like to be in a reading group built around it, since I can hardly read a page witout having to stop to ponder over a point he makes, or question current practice, my own prejudice, or whatever Lankes is writing. But he can rarely be dismissed easily.

Here’s his wiew of social networks, and of how library sevices relate to them (he refers to library users as ‘members’):

Many look at social networking site and see vanity or some vacuous need to be part of some group. Although we cannot discount the need for ego and the strong pull of the limelight, ultmately what drives the pressure to participate is an in-built, some may say selfish, need to learn and situate the environment. Members look to friends, experts, artifacts, organizations, media and more to learn. The more the systems they encounter help them do this the way they want, the more use the system will get. I realize this may sound frighteningly obvious – members use systems that help them – but it seems to be often overlooked. Application builders in library-land keep piling on new social features, and librarians keep deploying them more out of a need to be current than to be useful

Lankes 2011. Atlas of New Librarianship

I agree to his first point and certainly see the danger of the latter. However, the ‘piling up to seem current rather than useful’ argument makes it all to easy for people to dismiss ideas (functionality) they themselves cannot see the point of, where the same functions might make a world of a difference to others (for instance heavy users). As he’s pointing out a few sentences earlier: users want systems to match learning styles. Since learning styles (and needs) vary, so functionality must, in my opinion, vary accordingly, and offer a range of tools to meet the range of needs users have.

Chai

Godt krydder til god chai

Godt krydder til god chai

Når det er kaldt og stusseleg ute, er det deilig å ha noko varmt å drikke. På den her årstida er det ikkje lenger så freistande med gløgg, og etter litt fri omgang med julematen skal eg dessutan vere forsiktig med  varm sjokolade. Ein vanleg kopp te kan eg vel ta, men etter alt det deilige og krydra i jula blir vanleg te liksom litt spinkelt og stusseleg i smaken. Då fell valet i staden på ein kopp chai. Passar på å kjøpe meg ein deilig chai latte når eg passerer kaffibarar med litt godt utval, er veldig glad i mjølkeskummet på toppen. Men ellers går det veldig fint å lage seg ein god kopp heime. Då vert smaken mykje fyldigare og bedre om ein blandar krydder sjølv, enn om ein vel ein chai-tepose med svart te. Den svarte teen blir nemleg bitter lenge før posen gir frå seg den gode kryddersmaken. For den som har skikkeleg mjølkeskummar kan chaien bli rimeleg perfekt. Sidan eg ikkje har det, drikk eg den helst utan mjølk. Derimot tar eg gjerne ei halv teskei honning i, eller bittelitt brunt sukker. Det er minst like mykje for å få ein fyldigare smak som for å gjere teen søt.

Til ein kopp chai:

  • 4-5 heile kardemommefrø
  • 4-5 nellikspiker
  • 1/2 – 1/3 kanelstang
  • (ein liten bit tørka eller fersk ingefær, når du føler for det)
  • (vaniljestang, om du vil ha litt luksus)

Kok opp ca 1 1/4 kopp vatn, og la krydderet trekke i 5-7 min rett under koketemperatur. Ta til side, og trekk med den teen du foretrekk (svart, grøn, raud). Sjølv er eg veldig glad i raud te (som strengt tatt ikkje kjem frå noko teplante). Denne kan med fordel koke/trekke med heile vegen. Den inneheld ikkje dei same bitterstoffa som ekte te, og blir fyldigare og bedre i smaken med koking. I det sørlege Afrika brukast denne både som drikk og i folkemedisin, då blir den gjerne kokt 10 – 15 min eller enno lengre. Det går heilt fint å bruke raud te i tepose. Raud te i laus vekt har elles ein tendens til å spreie seg over alt….

Tips: Jo større overflate på krydderet, jo meir smak gir det frå seg. Eg pleier derfor å knekke kanelstanga i småbitar. Om kanelkrullen er litt hard, går det greitt å knekke med ein nøtteknekkar. Det same gjer eg med tørka ingefær.

Min kinesiske kollega minner meg innimellom at ‘chai’  på kinesisk i grunnen ikkje betyr noko anna enn ‘te’. Så kaffor seier eg ikkje  berre te? Men sjølv om ho har heilt rett, så forbinder eg ‘chai’ med indisk te, som gjerne serverast med mjølk og god, sterk krydderblanding. Derfor held eg (litt ulogisk) fast på ordet, likevel…

Vel overstått

Julegåver. Nokre av dei er dessverre litt skjult bak dei andre ;-)

Julegåver. Nokre av dei er dessverre litt skjult bak dei andre ;-)

Jula vart rydda ut i helga, og eg saknar henne. Det var ei fin jul, med kino, skøytehall, julebesøk fram og tilbake, med DVDar og filmopptak frå boksen. Og jammen kom vi ikkje gjennom heile LOtR (expanded, not expurgated version) med tolvåringen. Litt knapp jul, sidan eg jobba tre dagar. Skulle gjerne dryga det lenger, men så er det også godt å ha rydda alt på plass. Berre at det blir så trist og tomt og mørkt og fargelaust i stova. Borte er julelys og stjerner, og  stearinlys er luka ned til eit nødvendig minimum. Borte er årgangspynten, samla over over lang tid, etter same prinsipp som Aldri Atteletslause Elisabeth. Kvar med ei historie bak seg. Og historiene spenner  frå dei fire (originalt fem) nøttenissane med bomullsskjegg og filtlue lissjebror min laga det året nokon hadde brote seg inn i boda vår og stole (tru det eller ei) kassa med juletrepynt, til mikroquilta mus i valnøttvogger kjøpt i USA, wire art-stjerne og keramikk-perlehøne frå Sørafrika og filtfigurar ungane har laga på skule og i barnehage. Bortstua er også alle dei raude juleputene. Amaryllisen har visna for mange dagar sidan, ein og annan svibel er på siste stilken, to julestjerner er i ferd med å seie opp abonnementet.

Men tilbake er ein haug med flotte julegåver. Ikkje minst ei bok om Sunnmørske naust, dokumentasjon eg innser er meir aktuell enn nokon gong. Kan vanskeleg forestille meg at Dagmar let dei alle stå. Til helga skal eg til Kristiansand for å besøke ei kjær venninne. Finn eg ein bukett fargerike tulipanar i byen ein av dei komande dagane, får dei bli med heim. Så blir det etter etterkvart lysare og vår – før det atter blir jul og det heile skal fram igjen!

Bok-widgets

Ikkje så mykje tid til blogging om dagen, men endra i staden bittelitt på bloggen, sånn i farta. Har i venstremargen manuelt lagt inn bøker eg nett har lest, held på med og planlegg å lese. Det var litt vel tungvint. I staden har eg fått generert tre små widgets i Librarything, kvar av dei kopla til ein tilsvarande kategori i Librarything. Eg valde å la kvar widget berre vise ei bok, og å la omslaget og forfattarnamn tale for seg. Eller er dei såklart klikkbare. Så er alt eg treng å huske å flytte på bøkene etter kvart som dei blir leste :-)

Slik bøkene mine....

… blir sett (og tagga) av andre. Frå Librarything. Klikkbar sky her, men det tar litt tid å laste.

Hmmmmm

19th century 20th century abuse adventure Africa American American literature animals Australia autobiography barn barnbok biography biology Botswana British British literature Canadian chick lit childbirth children children’s children’s books children’s fiction children’s literature China classic classics coming of age detective dogs dystopia ecology England English English literature essays evolution family fantasy feminism fiction Finland finnish fishes girl Harry Potter historical historical fiction history humor India Italy Japan Kentucky language literature love Lyrik magic magical realism marine biology memoir mystery Narnia natural history nature non-fiction Norway norwegian novel philosophy picture book poetry pregnancy read religion Roman romance San Francisco satire science science fiction sf sff short stories skönlitteratur South Africa Sweden swedish Swedish literature travel ungdom unread usa wolves women wwii young adult zoology

Meir frå vår flotte verd

Djupt og mørkt

Kaldt og mørkt og lite sol, soleis er det fram mot jol, og forsåvidt også resten av året der nede i djuphavet. Fullt av underlege dyr er det, fleire av dei veit eg sanneleg ikkje kva er ein gong. Rart eg valde å studere marinbiologi?